Skidag 2010

 

Etter den kaldaste vinteren i manns minne så var det skralt med snø. 2.påskedag var i alle fall vermeldinga brukande, då var det berre å finna ein plass med nok snø. Liamyrane vart dermed arena for skidagen i år og sola titta fram gjennom skyene.

Denne gongen avvikla på naturvenleg vis etter gamlemåten. Me kveikte opp bål slik at me fekk oss mat medan alle i fellesskap trakka spor, skuter og sporkall var ikkje med på lasset. Etter ein time med fellesinnsats som løypemannskap var løypa stødig (Morgan hadde endåtil Julie som ballast på ryggen) , me hadde til og med ein skikkeleg utforbakke med sving, og alle hadde hatt 2-3 rekogniseringsrundar som oppvarming. Magen vart fylt med pølsa, saft og kaffi, så når Rune var klar på  standplass med ballonger til blink og skinn å liggja på kunne Ørjan og Knut senda ut nr 1 til start.

 

11 born stod på startstreken.Dei eldste gjekk to rundar medan dei yngste tok ein runde, men alle skaut på blink. Tori Angell var raskast med sine 6.08, Brigitte Runnane 7.27, Johan Runnane 7.45,Hermann Angell 7.48, Malin Hauge 8.36, Tord Hauge 9.09, Marie Løyning og Renate Hauge 9.00, Solveig Skare 10.45 og Lars Skare 11.37 etter lang ventetid på standplass.Julie deltok i bæremeis. Alle fekk medaljer på målstreken.-me hadde gløymt å ta med diplomar J

 

9 vaksne var då klar til kniving om eit napp i vandrepremien, Geir Helge påstod han hadde lagt opp men satsa på komback. Idealtida var sett til 9.33, men det kunne ingen vita sidan den var gjennomsnitt av alle. Ikkje enkelt når taktikken vert å liggja nærast idealtid med minst mogeleg standardavvik.Erika var den som tok seg best tid og enda med størst avvik, medan Ørjan var i raskaste laget og vart 2.01 for rask. Endeleg!!!!! Vart det ein trufast slitar gjennom minst 25 år som kunne kassera inn premien: Reidun Sekse. Ho vart såååå glad at ho for rett heim til fjorårsvinnaren , henta premien og leverte den til inngravering hjå Hallstein Brekke same kvelden J Gratulera-den er deg vel unt, ditt fyrste napp i skrinet!

 

Reidun Sekse                    7 sek +

Morgan Vikne                   15sek+

Hallstein Skare                  41 sek+

Kim Runnane                    41 sek-

Geir Helge Isdal               48sek+

Ingrid Dale                         58sek+

Laila Espe                            76 sek –

Ørjan Angell                      2.01-

Erika Nordbustad            3.04+

 

Litt bilete tok underteikna, men det morosamaste er vel filminga me gjorde på standplass: Videokameraet fekk nok med seg både kommentarar og skyteteknikk. Trur Rune kan halda kurs i luftgeverskyting før neste renn, Reidun avslørte at ho altid har hatt leigeskyttar med eller tatt strafferundar, underteikna har ein håplaus linksteknikk og Erika såg ballongane gjennom holet men traff ikkje likavel .

 

Mykje i vente på filmkavalkaden me skal ha ein gong no som me har kjøpt ny flatskjerm som skal opp på veggen i Gamlastovo.

 

Ingrid