|
Gamlastovo
eller "Grannaheim" som ho og heitte, kom frå Espeland tidleg på
1900-talet. Ho er bygd i 1787, og er med det 222 år i 2009. Hallstein
Espeland (1905 - 2006) er den siste som vart født i stova.
Det
vart oppretta eit styre for huset. Dette styret gav Grannaheim til Skare
Ungdomslag i omlag 1920. Ungdomslaget er skipa i 1913 og har brukt stova sidan då. Dei har gjort mange utbetringar og påbygg på huset.
Fyrst
bygde dei på kjøkken og gang. Så vart golvet utbetra og det vart sett i
nye glas.
Sidan
ca 1980, då dei måtte riva utedoen fordi byggefeltet kom, vart det bygd
på nytt do og kontordel. Og nytt golv att.
Gamlastovo,
som er namnet ein nyttar i dag, har vore det mest brukte forsamlingshuset,
som det einaste utanom skulen, heilt til Grendehuset kom i 1978.
Informasjon
om Gamlastova har vi fått av NVIM v/Lars Låte som igjen har henta
informasjonen frå Reidun Sekse i Skare. Vi veit ikkje kva årstal dette
bilete er tatt, men fotograf er Nils Løyning. Bilete er i arkivet
til NVIM. Løyve til bruk av foto har vi fått av
Lars J. Låte

|