Dartlista er oppdatert med mai-resultatene.

Dans 17. mai

Ungdomslaget sto bak når heile Skare skule dansa på 17.mai. med Ingrid Dale, Hallstein Skare og Jakob Vintertun som støttespelarar. Ingrid  hadde i førekant øvd med ungane i skuletida. Ein gut var sjuk og vekke frå skulen alle øvingsdagane og fekk privatundervisning på altanen på Vintertun. Jakob vart hanka inn som ekstramannskap og fekk dansetime heime i stova si med syster Eli og mor Irene som medhjelparar. Hallstein vert dregen med og fekk seg ein kjapp omgang 17.mai etter frukost .

Alle gjekk polonese med formasjonar og 4.-7.klasse dansa linedans-vals.

6.og 7.klasse dansa Tremannsril frå Aure og Tretur frå Strandvik. 4. og5.klasse dansa Rugen og Tretur frå Fana, 7.klassejentene stilte som leigejenter for å få det til å gå opp.

1.-3.klasse dansa Songleiken Søte lille Mette og Treklappdans/Bamsefar i Lia

Fellesnummer: Songdansane Blåmann,blåmann bukken min og Å eg ser på deg.

Danseframsyninga var ikkje heilt strigla det skal vera rom for dansegleda, det er viktigast.

Som ei ekstra gulrot hadde me 4 ”dommarar” som skulle sjå ut 6 premievinnarar, det var ingen enkel jobb. Grethe Nilsen, Torbjørg Skare, Solvor og Torgeir Tveit hadde ein vanskeleg jobb og hadde hardt tidspress på seg, og ville aller helst ha gitt ein liten premie til alle saman. Her er resultatet når humør, innsatsvilje og konsentrasjon vert vektlagt:

Kåring av blidaste dansarar: Henriette Sekse og Hermann Angell, konsentrerte dansarar Cecilie Johansson og  Knut Isdal, Beste dansegut : Eivind Nordbustad Tvedt og Beste dansejenta: Lina Karine Kalkvik.

Trur dei aller fleste syns det er kjekt å dansa på skuleplassen 17.mai, i alle fall kom ei 2.klassejenta til meg og spurde kva dans ho skulle dansa neste 17.mai. Ho og veninnene og 3 gutar i lag  tjuvtrena på sidelinja når dei ”store” dansa …………….-og fekk det nesten heilt til J

Det er kjekt å få 50 elevar til å dansa ilag.  Sjå bileta i HF

 <Bilete>

24. mai 2010 Tekst: Ingrid

Rundvask i Gamlastovo!

Kan du vera med å hjelpa oss å halda Gamlastovo attraktiv og triveleg både til utleiga og eigen bruk?

Me har ein årleg vaskedugnad slik at alt er vaska til konfirmasjonsutleiga, så syter innleigd vaskehjelp for å vaska resten av året.

Møt fram torsdag 22.april, dørene opnar kl 17.00. Dess fleire som møter dess fortare går det unna. Me vil gjerne ha deg med frå start til slutt, men er takksame om du berre kan avsjå ein time eller to.

Det kan vera moro å vaska når ein gjer det ilag, ja reint sosialt  J

19. april 2010 Tekst: Ingrid

 Skidagen 2010

Etter den kaldaste vinteren i manns minne så var det skralt med snø. 2.påskedag var i alle fall vermeldinga brukande, då var det berre å finna ein plass med nok snø. Liamyrane vart dermed arena for skidagen i år og sola titta fram gjennom skyene.

Denne gongen avvikla på naturvenleg vis etter gamlemåten. Me kveikte opp bål slik at me fekk oss mat medan alle i fellesskap trakka spor, skuter og sporkall var ikkje med på lasset. Etter ein time med fellesinnsats som løypemannskap var løypa stødig (Morgan hadde endåtil Julie som ballast på ryggen) , me hadde til og med ein skikkeleg utforbakke med sving, og alle hadde hatt 2-3 rekogniseringsrundar som oppvarming. Magen vart fylt med pølsa, saft og kaffi, så når Rune var klar på  standplass med ballonger til blink og skinn å liggja på kunne Ørjan og Knut senda ut nr 1 til start.  Les meir

 

12. april 2010 Tekst og bilete: Ingrid

Årets Happening: Loppemarknad!

17. april er årets milestone!

I år står to unge damer for arrangementet.  Margreta og Vigdis skal syta for å få inn dei loppene du har liggjande og ikkje har plass til, men som kan bli ei kjærkommen inntekt for laget.

Har du noko å gje vekk, så hentar me gjerne. Koppar og kar, elefantar og tigrar, kvitevarer og brunevarer.

Me kan diverre ikkje ta imot klede - dei kan du senda i kontaineren til frelsen, men ellers tek me imot det meste.  Ikkje øydelagte ting, dei vert me ikkje kvitt.

Ring oss for å avtale henting/levering. 994 07 959.

 Lopper 2010

16. mars 2010 Tekst og bilete: Geir

Planleggingsmøte i ungdomslaget!

Tysdag  9.mars kl 20.00 (ikkje sundag 7. som fyrst sagt då leiaren skal ha ein liten vinterferie) i Gamlastovo. Dette er det årlege møtet der me planlegg aktivitetar og andre arbeidoppgåver som står for døra. Me arbeider gruppevis og samlar trådane til slutt.

Det hadde vore veldig kjekt om nye fjes dukka opp. Me veit at mange har ei meining om drifta i laget og kanhenda  sit på nokon glupe idear.

Innkalling til omframt årsmøte. (Vert avvikla på 5 minutt ved møtestart)

Sak 1 Godkjenning av rekneskapen for 2009 etter oppretting av feil

Sak 2 Val av 2. varamann til styret og 3.mann i valnemnd

Helsing Leiaren

02. mars 2010  

Bilete frå aktivitestdagen - baking
Nytt album er under arbeid - klikk her for å sjå bileta.

07 februar 2010 Tekst:

Aktivitetshelg i Ungdomslaget

Fredag 5.februar
18.00 - 21.00: Swingkurs del I
Potetkakekurs
Laurdag 6.februar 
12:00 - 16.30 Bygdakafe og tevlingar
09:00 - 12:00 Potetkakekurs
12.00 - 14.00 Nordlandslefsekurs 
09.30 - 12.30 Swingkurs del II
13.30 - 14.30 Bygdatango kurs
14.30 Kanonforedrag i Bygdakafeen
12.30 og 13.30 Sirkusprinsesso, videoframsyning
15.30 Kråtakakefilm”lansering”, opptak frå baking i fleire eldhus i bygda i samband med kulturminneåret 2009. Kan nyttast som opplæringsfilm. Du kan og kjøpa filmen.
15.15  Lefsebingo, 1 omg. bingo med lefser og potetkaker som vinstar
16.30-18.00 Leikfest for born: me dansar, (laurdag) syng, et og spelar 1 omg. Bingo med mange premiar. Pynta deg litt og ta med heile familien på fest. 

 Plakatane:

Aktivitetshelg

Bakekurs

Barneleikfest

Swingkurs

 

20 januar 2010 Tekst: Ingrid

Jolaverkstad 12. desember 2009

Gunvor Seljestad ilag med underteikna stod i spissen for å laga ein liten jolaverkstad i Gamlastovo. I fjor var det 6 stykker med og omfanget ikkje så stort, i år ville me støypa gipsfigurar til å  måla på i tillegg til steinar Gunvor henta frå elva.

 3 dagar før dagen var påmeldinga 30 og auka til 40 neste døgn. Øysann-hadde berre tenkt eit lite prosjekt me J

Gunvor og eg tømde gipslageret i Odda og støypte i løpet av eit døgn 125 figurar av 8,5 kilo gips, me var heilt tørre i halsen.Masse penslar måtte handlast inn,gamle voksdukar gravast fram og ekstramannskap til å hjelpa til laut hankast inn.

Med omhyggeleg bordplassering vart det ikkje så altfor kave i Gamlastovo, ungane i alderen 1 år til konfirmantar kosa seg. Nokon var masseprodusentar medan andre fekk fram flotte detaljar på ein einaste figur. Mange fine gåver til jol, -underteikna hadde 3 timar arbeid med å pakka inn etter at ein 3 og ein 5-åring hadde laga presanger til heile slekta.

Me avrunda det heile med Risengrynsgraut med mandel.

Veldig kjekt, og kanhenda vert det påskeverkstad ogJ  Sjå bileta her

 juleverksted

18. januar 2010 Tekst og Bilete: Ingrid

Diskotek

Me har diskotek i Gamlastovo fredag 15.januar.

1. - 4. klasse: 17:00 - 19:00
5. - 7. klasse: 19:00 - 21:30

13. januar 2010 Tekst: Ingrid

Årsmøte i Skare ungdomslag

Sundag 7.  februar kl 19.00 i Gamlastovo.

Vanlege årsmøtesaker  Innkomne saker må vera styret i hende innan 1. februar


12. januar 2010 Tekst: Ingrid

Sirkusprinsesso - ei teaterforestelling

Hardanger Folkeblad var til stades og fotograferte under øvinga tysdag 20.okt

 Bilete frå sjølve forestillinga og frå "backstage", kjem seinare 

320 publikumarar var og såg Sirkusprinsesso i Skare Grendahus.
Arrangementet var svært vellukka!

 

Du treng flashplayer for å sjå denne filmen

05. november 2009 Tekst Ingrid Bilete: Johs Sekse HF

Sirkusprinsesso ein musikal

Teaterlaget er klare for premiere laurdag 31.okt kl 15.00, neste framsyning same dag kl 18.00.
Framsyningar kl 15.00 og 18.00 sundag 1.november.


Velkommen til teaterforestilling i Grendahuset!
Teaterkafe etter kvar forestilling


Billettsal ved inngangen, kan og kjøpast hjå Joker Skarsmo


Sirkusprinsesso
30. oktber 2009 Tekst og Bilete: Ingrid

Dugnad for å få på plass kanono på Leite

Tekst til kavalkaden:
Småborna Lars og Solveig konstaterer at kanono på Leitet er
dotten ned, dei fylgjer prosessen fram t.o.m. kanonfesten.

Det var Jon på Minne som ilag m Joar Walle som ein augustdag måtte låna hjullastaren på Sage for å flytta kanono som har tippa over og ligg og stengjer vegen.

Olav Sekse og Knut Svåsand gjer reint og armerer (dei to er med heile vegen)

Så er det forskaling då er Henning Walle og med, fotografen var vekkreist under støypinga, men når kanona vart heist på plass fredag 10 var det mange aktørar og tilskodarar og tendensar til bilkø under vegstenginga. Når ho kom på plass var det kanonfest med nybakte bollar, kaffi, brus og litt brunt servert oppå steinen attmed kanono.

Du treng flashplayer for å sjå denne filmen

24. oktber 2009 Tekst og Bilete: Ingrid

iSirkusprinsesso
-------------   Klikk på bildet for heil programmet  --------------------

21. oktber 2009 Tekst: Ingrid


Spelekveldane går vidare

Det er full fart i Gamlastovo fyrste fredagen kvar månad - sjekk kva tid neste spelekvelde er i årsplanen.  Resultata frå dartkonkurransen ligg her: Dartresultater.

 
04. oktber 2009 Tekst: Geir Bilete:
 

Sei meiniga di!

Me ynskjer at medlemmene våre  og andre sambygdingar skal komma med sine innspel, men når medlemsmøte har vist seg å ha lite oppslutnad prøver me ein elektronisk diskusjonsform. Me skal ha styremøte før 15.september i programmet finn du oppsett på kva me skal handsama.

No har du høve til å seia meininga di! -send e-post til stegaflot@online.no  eller du kan bruka forslagskassa her.

Spesielt vil me ha innspel på dette med Skjenkeløyve på fest, hiv deg på no. Til innleiing kan underteikna koma med fylgjande innspel:  Ynskjer at konfirmantane skal vera med på festar i bygda, men skal flasko vera bakom nåve, under bordet eller i eigen bar?

Om du ikkje har ei meining om akurat den saka, har du kanskje noko anna på hjarta.Kom med det – ris som ros, tips til Dølen, eller melder deg som dørvakt på fest. 

Helsing Ingrid Dale, Leiar i Skare UL

25. februar 2009 Tekst: Ingrid

Teaterhelga

No ligg her fleire bilete frå teaterhelga  i mappa for bilete.

 

09. septeber 2009 Tekst: Geir Bilete: Ingrid

Diskotek

Martin og Sindre gjer klar for diskotek i Gamlastovo fyrstkomande fredag 28.august.

Kl 17:00 - 19:30 for 1.-4. klasse

Kl 19:30 - 22:00 for  5.-7. klasse

Velkommen

disko
28. august 2009 Tekst: Ingrid

Loppemarknaden snart i gang

Sjå bilete av nokre av loppene

 

 
22. april 2009 Tekst: Geir

Diskotek

Me har vårdiskotek i Gamlastovo torsdag 14. og fredag 15.mai.

Martin og Sindre som primus motorar

 
13. april 2009 Tekst: Ingrid

Skidagen 23. mars 2009

 Yr.no hadde lova godvær og det vart det. Sola skein og kuldegradene auka på.

Det var 22 ungar som deltok. Dei kunne fritt velja liten runde på flaten eller store runden med skyting. Alle gjekk på tid, men alle vann gullmedalja og diplom (populært med omskrivne Donald Duck diplomar frå 1900-talet)

15 vaksne stillte til start. Det var idealtid (=gjennomsnittet) som talde. Øyvind Akse vann med 6 sek fråvik, tett fylgt (2 sek) av Ingrid Dale og Hallstein Skare på delt 2. plass. Fjorårsvinnaren Monica Larsson hakk i hel 3 sekund frå sylvplass. Ove Løyning var klart raskast i sporet, men det vart 2.20 frå vinnartida, og desidert sisteplass på resultatlisto. J Reidun Sekse har delteke i ein mannsalder men går framleis for fort.

Alle skaut tre skot kvar,  med eller utan påhalde luftgevær av Rune Skare. Det talde verken frå eller til om me traff ballongene eller ei. Jau her var det moro for alle.  Sjå bileta.

Skidagen 2009
25. mars 2009 Tekst: Ingrid Foto: Elin Akse

Skidag på Vetrhus

Måndag 23. mars kl 16:30 går det årlege skirennet av stabelesn  Rennet der far, mor, besteforeldre og andre vaksne konkurrerer på idealtid om ein flott vandrepokal.

Kom og bli med (plakat).

19. mars 2009 Tekst: Ingrid Foto: Arkiv 07

Loppemarknad 2009

Helga den 25. og 26. april vert det nok ein gong loppemarknad i Gamlastovo.  Dette er no blitt ein årleg tradisjon der me har utruleg mykje flott å selja til alle og ein kvar.  Set av datoen!

Og, hugs at om du har noko du ikkje treng, så kan me nytta det på loppemarknaden. Ring 906 75 459, eller send ein mail, så avtalar me henting.

loppemarknad
11. mars 2009 Tekst og bilete: Geir

Målprisen 2008 til Skare ungdomslag

Gratulerar til alle i ungdomslaget.  På årsmøtet i Mållaget, Odda, vart Skare ungdomslag tildelt målprisen for 2008.  Dette er ei stor ære for laget, og det forpliktar.  Sjå kva pressemeldinga frå Mållaget seirer om grunngjevinga for tildelinga.

25. februar 2009 Tekst: Geir

Målarkurset avslutta

Målegjengen i ungdomslaget avslutta prosjektet heime hjå Gunvor Seljestad, mykje måling, leik for dei minste og bollar og vafler.

Sjå bileta her.

19. februar 2009 Tekst og bilete: Ingrid

Teaterinstruktørar på smalahovud-kalas

Helga 13. - 15 februar hadde ungdomslaget vittjing av tre ungdomar (Hanne Amalie Smedstad, Jon van Tidemand og Åsgeir Almvik) frå austlandet som var instruktørar for teatersamlinga.  Sundagen vart dei servert samalahovud, noko dei aldri før hadde fortert.  Det gjekk bra!  Dei åt til og med auga (det gjer ikkje eg).

15. februar 2009 Tekst og bilete: Geir

Årsmøte

Årsmøte i Skare UL sundag 15.februar kl 19.00

Det vert servert Grynasteik som kveldsrett

Sakslista og årsmeldinga frå styret kan du lesa her

Her resultatrekneskapen og årets Balanserekneskap

 
13. februar 2009 Tekst: Ingrid

Teater i Skare

Er du , eller nokon du kjenner interessert i teater. Me held fram med drama i Skare Ungdomslag. Me har ei etablert barnegruppe, no er det sjanse for nye born å komma til. Me vil og at fleire ungdommar, vaksne og foreldre til barnemedlemmer vert aktivt med, anten som medarbeidarar for barne gruppa eller om de vil gjera noko med berre vaksne. Helga 13.-15. februar er uansett meint som ei inspirasjonshelg for alle partar, ingen plikter fylgjer med.

 Alle som deltek på teater vert innmelde i Skare UL, utover det tek me inga kursavgift berre eit lite beløp til å dekka fellesmåltid på kurs og liknande.

Meld deg på

28. januar 2009 Tekst: Ingrid

Juletrefesten 2008

5. juledag er det tradisjon for juletrefest i regi av Skare Ungdomslag.  Dei siste åra har denne vorte avvikla i Gamlastovo då det har vore god nok plass der.  Nokre var framsynte nok til å tinga Grendahuset igjen dette året for å avvikla festen der.  Heile 101 bilettar vart selde.  Kjempebra.  Godt å sjå at bygda støttar opp om tilstelningane i laget.  Sjå bileta her.

 
30. Desember 2008 Tekst: Geir

Hei til deg i Teaterlaget!

Me kan no opplysa om at me skal spela ”Hjelp det spøkjer” i Odda. Skuleframsyning for 240 stk dagtid og kveldforestilling for vanleg publikum. Datoen vert tysdag 27.januar, med prøvar i kinosalen kvelden før.

Dette betyr øving etter nyttår. Har du innspel om øvingsdagar så kom med det snarast. Me må sjølvsagt øva , men dersom skodespelarane er litt førebudde og har repetert song og tekstar på førehand skal dette gå bra.

 Ha ei riktig god jol! 

Helsing Ingrid, Sigrid, Hans Arne og Martin

24.Desember 2008

Kunstmåling på handarbeidskveld

Torsdagane er som kjend Syen sin kveld i Gamlastovo, og dei siste gongene har det vore andre aktivitetar enn dei tradisjonelle sy- og strikkeaktivitetane.  Gunnvor Stana Seljestad har stillt opp og vore veiledar i dekorasjonsmåling - eller kunstmåling.  Flott tilbod til dei som vasr med-  Sjå bileta her.

07. Desember 2008 Tekst: Geir

Jubileumsfesten 2008

Var du forhindra frå å vera med på den store haustfesten i Skare?  Her kan du i alle høve få med deg litt av det som vart framført. Dølen!

Du treng flashplayer for å sjå denne filmen

 
12. November 2008 Tekst: Geir (WEB)  Lyd Egil

Hjelp! Det spøkjer.

Fantastisk! Eg er så imponert.  Gler meg til neste oppsettjing.  Under er eit lite klipp frå forestillinga.


 









12. November 2008 Tekst, bilete og Video: Geir
 

Ungdomslaget på radio

Ingrid Dale og Jakob Vintertun fekk reklamera for aktivitetane i laget på lokalradioen "Radio Folgefonn".  Fekk du ikkje med deg innslaget? Høyr det her.

Har du sett innslaget i Hardanger Folkeblad? Her er det.

10. November 2008 Tekst: Geir

Jubileumshelga avvikla

Knakande kjekt hadde dei det - alle dei som deltok på dei ulike aktivitetane denne aktivitetshelga i november 2008.

Hardanger folkeblad (folkalappen) var her og laga ein mini-reportasje og eit enkelt bilete, men her kan de sjå bilete frå alle aktivitetane.

Bilete frå laurdagen

Bilete frå søndagen

2.November 2008 Foto og tekst: Geir

Send familien på Dansekurs, born(frå 5. klasse) som vaksne

Dansekurs for alle som har lyst å læra seg å dansa.  For ungar frå 5.klasse til ungdomar og vaksne

Laurdag 1.november

Kl 12.00-13-00 Reinlender
Kl 13.15-14.15 Polka, Ril og vals
lærarar Ingrid Dale og Hallstein Skare

Sundag 2.november
Kl 11.00-13-00 Country Linedance

lærar Kari Holven

29.Oktober 2008 Tekst: Ingrid

Teaterlaget  på tur

18. oktober var alle ungene i teaterlaget på tur til Haugesund og vitja Niels Petter Solberg der han jobber med teater.

Sjå bileta frå turen

26.Oktober 2008 Foto: Hans Arne

Kråtakakekurs på Minne 2008

Laurdag 25. oktober vart det avhalden kurs i kråtakakebaking.  Eldhuset på Minne var staden som bakinga gjekk føre seg. I ein heller storm- og regnfull dag, var det tørt i eldhuset der jentene og gutane steike opp 10 kg kråtakakedeig.  Sjå bileta her

Kråtekakekurs
26.Oktober 2008 Foto: Margreta, Tekst: Geir

Programmet for jubileumshelga er no fastsett og låst!

Sjå programmet her og meld dykk på

21.Oktober 2008  

Teaterlaget i Skare Ungdomslag viser i 2008:

Hjelp, det spøkjer
Sjå plakaten her  (Krever Adobe Reader)

21.Oktober 2008  

Påmelding til aktiviteter kring marknadshelga

Påmelding til alle kur s kan skje til Dagmar LIen.  Ho er påmeldingsentral til kurs, fest m.m.  De kan ringja eller senda sms til hennar mobil . Elles er det greit å senda e-post til post@skareul.no

Sjå alle aktivitetane her

 
5. Oktober 2008  

Dansekurs i Skare skule

 Ingrid Dale skal instruera på dansekurset for skuleelevar ved Skare skule. Programmutvalet vert ifrå DANSELYST - eit undervisningsopplegg i norsk folkedans som inneheld CD med musikk og 2 DVD i tillegg til ei enkel rettleiingsbok. Skare Skule får låna Danselyst-sakene so mykje dei vil av ungdomslaget som har kjøpt det inn.  Dermed skulle alle skuleungane i skare krins vera budde til Leikfesten for born laurdag 1.november.  Sjå tidene for dansekurset her.

Les meir om Danselyst på "Musikk i skolen" sine sider eller på "Noregs Ungdomslag" sine sider.

 

31. august 2008 Tekst: Ingrid

Gode sambygding!

 Motivasjonen i ungdomslagsarbeidet er å vera ein samlingsstad for alle og einkvar, uansett alder og interessefelt, fylgja med i tida, vera nyskapande og samstundes vera tradisjonsberar. Tilhaldstad har me i Gamlastovo (visste du forresten at den i si tid fekk namnet Grannaheim?). Dei fleste aktivitetar held til der, men til større tilskipingar er me i Grendahuset.

Laget vårt er ingen stivbeint organisasjon. Dersom medlemer vil driva ein aktivitet slepp ein unna det heilt store byråkratiet, men folk lyt vera handlekraftige og gjera noko sjølve. Styret støttar oppunder etter beste evne.  Les meir om haustprogrammet her

28. august 2008 Tekst: Ingrid

Planane for jubileumsåret.

Me var 7 som møtte til medlemsmøte 24. juni. Me har arbeidd med planane for hausten og orienterer her i stikkordsform kva som kom fram. Har de synspunkt so berre kom med det.

Dersom alle gjer litt skal ingen arbeida seg i hel, men det er klart at dei to fyrste helgene i november vert det full aktivitet. Hugs at det ikkje er slit, men morosame ting som skal skje. Håpar medlemene er positive til å ta på seg oppdrag når de vert spurde.   Helsing Styret

 Les om planane her.

 
25. juni 2008 Tekst: Ingrid

Teater i Skare til hausten

Skare Ungdomslag ynskjer å setja i gang teateropplegg for både born (barneskulen) og vaksne (8.klasse – pensjonistar) til hausten.

Laget rundar 95 år og ynskjer markera det ved å få i gang aktivitetar for alle alders- og interessegrupper i bygda.

Vil DU vera med å skapa liv i bygda vår? Klikk her,

 
10. juni 2008 Tekst: Ingrid

Dartturneringa 07 - 08

Turneringa vart avslutta som programmert fyrste fredag i juni etter dugnaden.  Få var deet som stilte, men det kan skuldast at mange måtte heim og få i seg mat etter ei lang dugnadsøkt!

Kampen vippa lenge men Hans Arne drog sigeren i hamn og greip difor bronsestatuen frå Olav - som ikkje stilte. Sjå resultata her

(Og her finn du eit manipulert bilete av vinnarane)

God sommer til alle!

 
07.junii 2008 Tekst: Geir    Foto: Geir

Bilete frå NU-stemnet 1991

Loftsrydding kan føra til så mangt.  Me fann mange bilete frå tidlegare storhetstider i ungdomslaget.  Mellom anna når Skare UL var med å skipa til NU-landsstemnet i Odda 1991.  Tekst til bileta vil me leggja til etter kvart.  Sjå bileta.

 
11. mai 2008 Tekst: Geir    Foto: ukjent

Dartturneringa: kamp om 3. plassen

1. og 2. plassen er allereie klar før siste runde av turneringa.  Men 3. plassen er det stor kamp om.  I og med at Olav ikkje deltok i mai-runden, har Hans Arne og Jon Arne nærma seg bronse pokalen.  Me er spent på runden i Juni.  Sjå resultata

3. mai 2008 Tekst:   Geir

Loppemarknaden er over for i år.

Utruleg mykje folk fann vegen til Gamlastovo og var med på å støtta opp om årets marknad. Folk kom frå fjernt og nært, og handelen gjekk unna.  Véret hadde me og med oss, og sola smilte i lag med alle nøgde kundane.  Og vi som sto på - jau vi smilte vi og.  Dette var kjekt..  Sjå bileta.


Margreta liikar seg når ho får prisa lopper.

21. april 2008 Tekst:     Foto: Geir

Hugs loppemarknaden

19. - og 20. april er datoane for loppemarknaden.  Her er utrulig mykje fine lopper.  Har du ikkje bruk for noko?  Kom likevel.  Set deg ned i ein god (gamal) stol og nyt ein kaffikopp medan du pratar med sambygdingane.  Sjå bileta frå loppemarknaden 2007


Frå loppemarknaden 2007

13. april 2008 Tekst:     Foto: Geir

Ny dato for skidagen

Grunna dårleg ver, er ny dato for skidagen satt til 7. april.  Då vert det mykje moro ved Gamlastovo.  Møt fram.  Det startar kl 17:00

30. mars 2008 Tekst:   Geir

Årets vinnar av darttevlinga

var klar på spelekvelden i april.  Rune Skare har vore så suveren denne sesongen at ingen har mulighet til å henta han att.  Det var svært god oppslutning denne kvelden med god stemning og glade vinnararar. Sjå dartresultata.

Vil du prøva deg på Quizzen vår?  Her er spørsmåla

08. mars 2008 Tekst:   Geir

Handarbeid

Er DU inntresert ?  Har du lysst å læra strikka, (kåter etc) tova, sy, hekla, brodera ?  Kan du laga nupereller, smetta sokkeband eller noko anna som du har lysst å læra frå deg ? 

Kan du koka kaffi til oss andre, eller har du berre lysst på ein kaffikopp og prata med naboen og andre då kjem du i  Gamlastovo torsdag 28.02  kl.19.30

 

24. februar 2008 Tekst:   Margreta

Jolatrefesten 2007

28. desember var det juletrefest i Gamlastovo.  Her kom mange ungar og vaksne.  Og sjølvsagt - NISSEN kom.  Sjå bileta

06. januar 2008 Tekst:     Foto: Hans Arne

Bunadkurset

Sjå bileta

22. nyvember 2007 Tekst:     Foto: Margreta

TV- aksjonen 2007

I år var det jammen mange som ville vera med å samla inn pengar på TV-innsamlinga.  Tema var "Barn hjelper Barn".  Me var 24 ungar og 16 vaksne og fekk inn kr 19.226,-

Tusen takk alle sammen som var med.
Helsing aksjonsleiar - Reidun Sekse

Sjå bileta

 

31. oktober 2007 Tekst: Reidun    Foto Elisabeth

Bunadskurs

Starter 1. oktober.  8 kveldar frametter.
Skare grendahus 18:00—21:00
Sying av damebunad.
Påmelding til Reidun 53645312/95187238
Pris:  kr 300,- (200,- for medlem i SUL)

 

 

23. september 2007 Tekst: Margreta

Spelekveldane er i gang

Fredag 7. september opna me ein ny sesong med spelekveldar.  Riktig mange har sett fram til dette gjenom ein lang og våt sumar.  Fyrste runde i darttevlinga vart  vunnen av (som vanleg) Johan. 

Reidun hadde laga flotte oppgåver til den nye tevlinga som me har starta opp med - Quiz. Det var med 5 lag og gåvekort vart delt ut til vinnarane.

8. september 2007 Tekst: Geir

Vasseturen 2007

I år hadde me værgudane med oss og fekk den flotte turen til Sanden ved Reinsnosvatnet.  Sjå bileta frå turen her.

12. August 2007 Tekst og Foto: Geir

God sommer

Ungdomslaget vil få ynskje alle som er innom og ser på WEB-sida vår ein riktig god sommer.  Lenge sidan du her vore og gjesta gjesteboka?  Sjå om nokon du kjenner har vore der.

Hugs å vera klar for ein vassetur til Sanden den 12. august.

27. Juni 2007 Tekst og Foto: Geir

Durtturneringa avslutta for i år.

Så var det slutt på årets dartkonkurranse.  Det var ikkje så spennande for resultat var klart allereie etter nest siste runde, men premieutdeling vart det (til dei som var der) og morro hadde me det.  Sjå resultatlista her og bilder frå finalekvelden her

9. Juni 2007 Tekst: Geir Foto: Vigdis

Kurs i krotakakebaking

Seint fredag kveld sette kursleiarane Margreta og Reidun seg ned og laga deig til fleire hundre krotakakeemner.  Og tidleg neste morgon kom kursdeltakarane for å læra seg å laga mene, kjevla ut emne, kråta og steikje. Sjå bileta

2. Juni 2007 Tekst og Foto: Geir

17. mai i strålande sol

Inneklemt mellom mange lavtrykk klarte 17. mai å bli den flotte festen.  Sol, flagg, bunad og is var i høgsete.
Flagget ved Gamlastovo hadde Knut heist og det blafra så fint i ein lett vind.
Faneberar i år var Ola med bunad for fyrste gong i 17.maitoget.  To av årets konfirmantar var "duskjenter"

Sjå 17. maibileta her

18. Mai 2007 Tekst og Foto: Geir

Loppemarknaden avvikla

Laurdag 28. og søndag 29. april var to strålande dagar i Skare, og mange fann vegen til Loppemarknaden vår.  Vi hadde fått inn utruleg mykne fint og vil takka alle som bidrar til vårt poppulære tiltak.  Takk og til alle som har vore med og laga dette i stand.

Sjå bileta frå loppemarknaden her

29. April 2007 Tekst og Foto: Geir

"Ungdomslaga er ikkje straumlinjeforma"

I siste nummer av ungdom, lagsbladet til Noregs Ungdomslag, kan de lesa ein frittalande leiar (Ingrid Dale) sine meiningar om mangt.  Sjå og det positive svaret Ingrid får frå leiaren i Noregs ungdomslag. Les heile artikkelen her

18. April 2007 Kopi frå "Norsk Ungdom"

Skidagen 2007 avvikla i strålande sol

Søndag var det ein strålande dag for SUL å laga til  renn for store og små. Det var langrenn med innlagt skyting på ballongar som var veldig populært. Rune sytte for god hjelp på standplass.

Alle borna var mestere, og dei fekk både medalje og diplom. Av dei vaksne var det innlagt idealtid, og den var det Hallstein Skare som var nærast, og fekk skrinet med seg heim i 1år.

Irene Kant Vintertun er den einaste med 2 napp i pokalen (skrinet) , ho var ikkje med i år. 

Sjå bileta frå skidagen her

26. Mars 2007 Tekst og Foto: Lillian

Aktivitetsplanen for 2007 er klar

Her finn du årets aktivitetsplan

19. februar 2007 Tekst : Geir

Aktivitetskveld på isen

Mange møtte fram (over 60 stk.),då Skare U.L. arrangerte Leik på isen på Låtevatnet. Store og små koste seg, mange på skøyter, men også kjelker og spark var i bruk.
Sjå bileta.

19. februar 2007 Tekst og foto: Lillian

Styremøte med nemder
No skal me sy saman årets aktivitetsplan.  Alle som har eit verv i laget møter i Gamlastovo 18. februar kl 20:00.

Vel møtt!

12. februar 2007 Tekst: Geir

Årsmøte
Sundag 11. februar kl 20:00 er Årsmøte i laget.  Møt fram og vær med på å avgjerda rettningslinene for laget for 2007  Her er sakslista:

1.    Godkjenning av årsmøteinnkalling og saklista

2.    Val av møteleiar, referent, teljekorps, og to til å skriva under protokollen

3.    Opplesing av referat etter årsmøtet i fjor

4.    Årsmeldinga for 2006

5.    Rekneskap for 2006

6.    Medlemskontingent

7.    Utleigeprisar for Gamlastovo

8.    Løyvingar

9.    Val

10.  Utsendingar til årsmøte i HU/NU

 

Balanserekneskap 2006 - Resultatrekneskapen 2006 - Årsmelding 2006

9. februar 2007 Tekst: Ingrid

Kven veit

Vi vil minna om fyrste tevling i kven veit som er sundag den 4. februar kl 20:00 i Gamlastovo. Vel møtt!

Ellers minner vi på ordinere aktivitetar som symøte den 1. februar og spelekvelden den 3. februar.
 

30. januar 2007 Tekst: Geir
Jolatrefesten 5. joladag

Juletrefesten den 29. desember vart i år avvikla i Gamlastovo då det var oppteke i Grendahuset.  Til denne tilstellinga kom det mange både vaksne og ungar som gleda seg over juletregong, song, mat og drykk, og ikkje minst at dei fekk vitjing av nissen. 
Sjå bileta.

19. desember 2006 Tekst: Geir

Den store barnedåpen

En dag fann vi nokre bilete i postkassa som ikkje hadde avsendar. Men, vi har no komen fram til at bileta er frå eit skodespel som ungdomslaget spela i bygda i 1980 - "Den store Barnedåpen"  Kansjhe nokon vert inspirert til å ta opp att gamle tredisjonar?

Sjå bileta

25. oktober 2006 Tekst: Geir

Lagsmøte 28.september.

Det var rimelig bra oppmøte sidan leiaren hadde gått sterkt ut og annonsert møte. Flott! 
Dermed vert det haustfest i år og.  Festen skal vera i Gamlastovo, påmelding, mat og levande musikk.  Det betyr at berre dei 50 fyrste som melder seg på får vera med :-)Datoen er sett til 18. november.  Så ver tidleg ute.  Elles vart det satt dato for swingkurs, og oppfordra aktivitetsgruppa til å skipa til diskotek for ungane

 

28. september 2006 Tekst: Geir

Dartturneringa 06 - 07

er i gang.  Fyrste runde var 1. september og det var berre 5 deltakarar.  Då er det enkelt å kome inn blant dei 5 beste :-)

Sjå resultata

2. september 2006 Tekst: Geir

Vasseturen 2006...

regna vekk i år.  Me prøver igjen neste haust.  No ser me for oss mange andre aktivitetar frametter.  Så stå på og bli med

 

 
"Det drømmer et regn mot ruten, en stille, unnselig larm av vannet som varsomt lister seg ned langs min vinduskarm."
André Bjerke

27. august 2006 Tekst: Geir

Vasseturen 2006

Då vi ikkje har fått marknadsført og gjort kjent turen som skule vore den 20. august, utsett vi dette ei veke slik at me fåt hengt opp plakatar.

 
17. august 2006 Tekst: Geir

Dartfinalen 2006

Gullet var alt klart før siste runde, men det var knivskarp konkurranse om 2. og 3. plassen.  Mange møtte fram denne siste spelekvelden før sommaren, og det var ein flott kveld.  Vil vi få gratulera Johan med 1.plass, Hans Arne med 2. plass og Olav med 3. plassen.  Sjå dessutan biletserien - alle som var med i finalerunden. Sjå elles resultatlista her

3. juni 2006 Tekst: Geir Foto: Margreta

Diskotek i mai

Fredag 19. mai hadde aktivitetsgruppa diskotek for dei minste. Det var kjempe bra oppmøte, og sal av pølser ,brus og snop gikk kjempe bra:) Ungane dansa og hadde det kjempe moro! Neste gong er det dei litt større sin tur:)  Barnadiskoteket blir den 9. juni

24. mai 2006 Tekst: Kari

Stordugnad

Husastyret gjer kvart år ein kjempejobb med og rundt Gamlastovo.  Og framom kvar 17. mai passar dei på å få stella i stand ein stor dugnad, der alle som har litt tid til overs er med og yter litt.  I år vart det rydda flott parkering, saga og høgd ved, laga torvtak på busskuret og måla nokre slitte vegger + mykje anna småarbeid.  Sjå kor flott me hadde det

15. mai 2006 Tekst: Geir Foto: Margreta

Eldre innlegg vert sletta.