Tenk kor heldige Skaringane er;
·
me
har ungdomslaget
der du kan melda deg inn som barn og
halda fram so lenge du
lever. · me har hus å halda til i. · me kan driva med nett det me vil. I skrivande stund har me 99 medlemer på lista vår, det er plass til fleire.
I haust skal me jubilera!
Skare Ungdomslag feirar 95 år. Me går ein travel haust i møte, for
laget ynskjer å laga aktivitetar for alle og einkvar
i bygda vår.
Det heile toppar seg dei to fyrste helgene i
november: Set av tid no! Fyrste helga der me kombinerer kurs, tevlingar, spel, basar, bygdakafe og leikfest for born. Andre helga vert det berre fest, med premiere og ekstraframsyningar på musikalen ”Hjelp det spøkjer”, og jubileumsfest for dei vaksne. Dei vanlege aktivitetane går som før: Spelekveldar, diskotek for born, bunadskurs, jolabingo og jolatrefest for å nemna noko.
Alle er velkomne til å vera med !
Det er ikkje noko krav om medlemskap, men er du medlem er det 30%
avslag på billett, kurs og husleiga. Ta gjerne kontakt med oss, og du kan sveipa innom heimesida vår www.skareul.no som me oppdaterer fortløpande. Laget vårt prøver å hanga med i mediesvingane og nyttar mykje sms og e-post når informasjon skal kringkastast til medlemer.
Håpar haustprogrammet er noko for deg. Der folk
møtest er det kjekt å vera!
Beste helsing Ingrid Dale, leiar i Skare UL |
|
|
4. sept:
Handarbeidskveld
5. sept:
Spelekveld
5.-7. sept:
Teaterseminar (påmelding)
18.sept:
Handarbeidskveld
25.sept:
Oppstart bunadskurs
(8 kveldar, Marit Kili er lærar)
2. okt:
Handarbeidskveld
3. okt:
Spelekveld
16. okt:
Handarbeidskveld
30. okt:
Handarbeidskveld
1.- 2.nov:
Marknadshelg (sjå eige program)
7. nov:
Spelekveld
8. nov:
Jubileumsfest (sjå eige program)
13. nov:
Handarbeidskveld
27. nov:
Handarbeidskveld
30. nov:
Jolabingo
4. des:
Handarbeidskveld
5. des:
Spelekveld
11. des:
Handarbeidskveld
29. des:
Jolatrefest
Spelekveldane tek til
kl 20.00,
Handarbeidskveldane kl 19.30.
Alle er velkomne!
Me lagar til diskotek 2
kveldar, etter jubileumsfesten
Me tek
atterhald om at detaljar i programmet kan verta endra. Fylg med på
plakatar (me har eiga tavle i Moen), lysingar og heimesida vår. |
Laurdag 1.nov. i Skare Grendahus.
12:00-17:00
Bygdakafe, sal av
jubileumslodd i kafeen
10:00-16:00
Kurs i å laga Grynasteik
12:00-14:00
Handarbeidskurs: Makrame- og
perlesmykke
12:00-14:00
Handarbeidskurs: Brigding av
sokkaband
13:00-16:00
Tevlingar: Pilkast, Ringspel og kaste på boksar
m.m
12:00-14-00
Dansekurs: Reinlender ,polka, ril
og vals
16:00-17:00
Skarequiss: Inge Reinsnos
lagar spørsmål
17:00 - 19:00
Borna sin jubileumsfest. Ein
fest der me dansar og leikar. Pynta deg litt og ta med heile familien på
fest.
Sundag 2.nov. i Skare Grendahus.
12:00-17:00
Bygdakafe, sal av
jubileumslodd i kafeen
10:00-13:00
Kurs i Potekakebaking
13:00-16:00
Tevlingar:Pilkast, Ringspel
og kaste på boksar m.m.
11:00-13-00
Dansekurs: Country Linedance
NB! Ny tid
13:00-16:00
Kurs i Nordlandslefsebaking
16:00 ”Mini
Basar”. 2 omg med åresal og
trekking av Jubileumslotteriet vårt
Påmelding til matkurs innan sundag 26.okt,
Brigding av sokkaband innan
29.okt
Dansekursa er
for alle som har lyst å læra seg å dansa,
ungar frå 5.klasse til ungdomar og vaksne .
Me vil gjerne ha eit lite vink på
førehand
Vend deg til
til Dagmar
901 47 438 eller til
post@skareul.no
for påmelding og andre spørsmål
Alle velkomne
! www.skareul.no
Laurdag
8.november:
Premiere på
barneteateret kl 15.00
Underhaldning
og mat. Dans med Sølvsuper.
Påmeldingsfest, aldersgrense 9. klasse.
Sundag 9.
november:
|