Dei siste
årene har det vore tradisjon å samlast i Gamlastovo fyrste fredag
i månaden.
Dørene
opnar kl 20.00- Stengjetid kl 02.00Ein må vera fylt 18
for å vera med desse spesielle kveldane. Tanken med denne treffen
er at ein skal få setja seg ned med sambygdingar og ta ein
drøs over kaffien og gjerne delta i eit eller anna spel.
Me har fast Dart-turnering
og quiz.
Det brukar å vera alt
frå 10 til 30 personar som kjem på desse kveldane og det er
ei flott stemning i lokala. Inngangsprisen er for å dekkja
utgiftene til kaffi og straum :)
Ein kan få
kjøpt seg både brus og pizza eller peanøtter og
potetgull om ein ønskjer det.
May Anita Svenning er spelekveldkontakt og organiserer dette Spelekveldane 2011-2012
Spelekveldane skal gå på omgang mellom dei som
deltek fast på arrangementet. Dette vart me samde om på ”spelekveldmøtet” i vår. Styret utarbeider
denne lista for sesongen 2011-2012. Kvar einskild ”arbeidar” må finna seg vikar/byta sjølve og varsla May Anita om endringa.
Det er og
”sjølvsagt” at dei 2 som har spelekvelden held seg nokolunde edru, mange er
innom og skulle det oppstå trøbbel må dei ta ansvar.Bruka vaktvest
Når alle
deltakarane tek kvar sin tørn skulle ikkje nokon stor belastning på den
einskilde, og spelekveldane får leva vidare.
Ynskjer
lukka til med spelekveldsesongen og at denne trivelege møtestaden held fram.
Med
Helsing Styret i Skare Ungdomslag
|